Oratoriesolistene: Duruflé: Requiem
Søndag, 27. November 2022, 18:00 - 19:30
Treff : 75
av Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

OratorieSolistene er endeleg turnéklare igjen, og denne gongen legg vi konsertane våre til Trøndelag!
Med oss har vi Duruflé sitt fantastiske requiem, eit knippe av Bruckner sine motettar, 5 flotte songarar og ein akkordeonist. Dette vert ein konsert og eit requiem heilt utanom det vanlege!
Medverkande:
Nora Oleanne Sårheim, sopran
Astrid Nordstad, mezzosopran
Marianne Kjellsdatter Bye Granheim, mezzosopran
Johan Olsson, tenor
Dagfinn Andersen, baryton
Jostein Stalheim, akkordeon
Duruflé sitt requiem stod ferdig i 1947. Originalt var det skrive for å akkompagnerast av orgel, noko som gjer at eit akkordeon verkeleg vil få skinne i denne framføringa. Dei tette klangane og den meditative stilen til Duruflé kjem også veldig fint fram i dette verket.
Requiemet varer i ca 40 min. Vi fyller difor resten av konserten med den velkjende "Locus iste" og andre mindre kjende motettar av Bruckner. Ein flott, a capella kontrast til requiemet.
Billettar selgast på tikkio.com og i døra.
Vi tilbyr spesialpris til korsongarar, ta gjerne kontakt for å få informasjon om korleis du kan bestille "Korvenn"-billett!
Passar ikkje denne datoen; fortvil ikkje! Vi har konsertar i Trøndelag i ei heil veke:
20.11.22 kl 18:00 Stjørdal kirke
21.11.22 kl 19:00 Orkdal Kirke
23.11.22 kl 19:00 Levanger Kirke
24.11.22 kl 20:00 Steinkjer kirke
26.11.22 kl 18:00 Hospitalskirka i Trondheim
27.11.22 kl 18:00 Røros Kirke
Konsertane er støtta av Kulturrådet og Trøndelag fylkeskommune.

 

Sted Røros kirke
Informasjonskapsler (cookies)

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler (cookies) for å kunne gi deg en god leseopplevelse.